Ny festival ser dagens lys.
Velkommen til første konsert i konsertserien Folk i Aalesund, i regi av Aalesund Folk Festival
Denne kvelden blir det opningskonsert og minglekveld – som markerar den offisielle opninga av konsertserien Folk i Aalesund. Der publikum får eit glimt av kva som ventar frå Aalesund Folk Festival og konserserien i tida framover.
Geir Marius Thorud & Øystein Rudi
Geir Marius Thorud er spelmann, tradisjonsberar og allsidig musikar på torader, trekkspel og kontrabass. Han har vener og samarbeid over heile Norden, og er kjend som både gardsarbeidar og hestekøyrar. Kvar vinter dreg han med Fron Lasskøyrarlag gjennom Rondane og Østerdalen til Røros – sjølvsagt med trekkspel på lasset.
Øystein Rudi er spelmann og kulturgardbrukar på Rudi Gard, med eit langt liv i levande kulturformidling. Han var med og skipa Sør-Fron Spelemannslag på 1970-talet, har tre Landskappleik-sigrar og fire Spellemannsprisar, og har òg vore direktør for Gudbrandsdalsmusea.
Britt Elise Skram & Kristina Farstad Bjørdal
På fele og trekkspel løftar Skram og Bjørdal fram meisterverk av Hilmar Alexandersen og Per Bolstad – noko av det finaste i norsk tradisjonsmusikk. Med varm feletone og tett samspel skaper dei ei oppleving som både rører og riv. Musikalsk forbrødring på tvers av distrikt har lange tradisjonar, og duoen fører arven vidare med konsert i lune omgjevnader på Fabrikken Kulturscene.
Jan Beitohaugen Granli
Ein av landets mest meritterte hardingfelespelarar, med røter i Valdres og med eit særprega tonespråk. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger og er kjend for både meisterleg spel og formidlingsevne.
Stefan Olsen
Han er ein erfaren musikar med røter i rock og visepop, men med stor fascinasjon for folkemusikk frå mange land. Han har over 30 år bak seg på scenen, og stiller denne kvelden både som arrangør, sceneeigar og artist. Han kan til og med et par av låtene til Øystein Rudi fra før!
Smeis
Lokalt band med frisk energi, rytme og samspel – og med ein fot i både folkemusikk, jazz og populærmusikk. Bandet er sammensatt av musikarar frå mange sjangrar og spelar folkemusikk dei likar på sin måte.
