Når var det eigentleg vi begynte å få høg puls av ei ringeklokke, eller eit anrop frå eit ukjent nummer?
I det nye standupshowet «Uanmeldt besøk» tek Fredrik Steen tak i den delen av oss som toler mindre og mindre av det uventa, men som samstundes snakkar høgt om kor opne, spontane og frie vi er. Med skarp observasjonsevne, sjølvironi og ein solid dose absurd kvardagsgjenkjenning går Steen laus på planlagt spontanitet og den moderne trongen til å varsle det som allereie er der.
Fredrik Steen er komikar, skodespelar og journalist – og er kjend for evna til å finne humor i både det kvardagslege og eksistensielle.
Med «Uanmeldt besøk» inviterer han publikum inn i eit univers som peikar på kor sårbare og overregulerte vi har blitt i møte med heilt vanlege ting.
Forestillinga spelast i avdeling Bar Bakke. Dørene opnar kl. 18.30, showstart 19.30.
.jpg)