For og med ungdom.
"OK, men seriøst" er eit monologarrangement laga av, med og for ungdom. 8. mars på Fabrikken Kulturscene blir det kunstutstilling, monologforestilling og ettersnakk - ein heilaftan, rett og slett. Alt kretsar rundt monologer om korleis det er å være ungdom, frykta for krig og kor mykje ein eigentleg berre vil legge seg ned på bakken og scrolle litt.
Monologene er skrive av lokal ungdom. På scena står skodespelarar frå fordjupningskurs i skodespelarteknikk, og forfattarane bak tekstane har vore på fordjupningskurs i monologskriving. Kunsten er laga av ungdom frå Visuell Kunst ved kulturskolen. Fordjupningskursa er knytta til Kulturmosaikk, eit felles prosjekt mellom kulturskolane på Sunnmøre, Ålesund VGS, Volda VGS og Høgskulen i Volda.
Forestillinga går føre seg i Bar Bakke. Dørene opnar 17.30, forestillinga startar kl. 18.00.
